Viktig trapp med gode minne…

Steintrappa i indre del av Nattrutekaien byr på gode minne. (Foto: Steinar Hystad)

Før Nattrutekaien vart lengd mot dagens «Leirvik Brygge» hadde kaien to steintrapper for ombordstiging i snekker og andre mindre båtar. Ei trapp om lag der Nordre Kaisving møter kaiflata no, og ei i enden mot Sunnhordlandshopen, litt innfor snøggbåtterminalen. Den trappa står framleis, men truleg  berre på «lånt tid». Byggearbeidet for ny kaifront og hotell kjem etter planane i gang på denne sida av nyttårskiftet. For dagens vikagutar i 60-,70 – og 80- åra er det knytt mange gode minne til steintrappa. Ikkje minst når det gjeld fiske med kokkelur som agn på eittøresongel. Omtalt slik i boka «VIKJO – mimring om Leirvik på 60-talet»:

«Frå trappavsatsen opplevde me heile akvariet med gandarota, raudnebb, blåskål, berggylt, kolja og mort. Når morten kom i stimar var det tid for å utvida fiskebruket ved at søkket på nedre del av senen vart oppgradert med ein treongla rykk. Med rykk vart det god fangst og i periodar opplevde me stadig stigande popularitet hjå kattepusane i grannelaget.

Men fangstmetoden til Magne Skorpen klarte me aldri konkurrera mot. Han trong verken sen eller krok. Sette seg berre på nederste trappetinn og la litt agn i nevane som han samla stakk i sjøen. Så laga han trolske  plystrelydar og etter nokre få straksar kom forviten blåskål smygande, styrte mot agnet og vips, – hadde guten frå Ingebrigtshaugen fast fisk. Imponerande.»