Høgaktuelle orienteringar på utvalsmøte

Skal det satsast vidare på symjehallen i Kulturhuset – eller på nytt symjeanlegg? (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Det blir ein interessant start på haustsemesteret  for medlemene i Utval for oppvekst og kultur. Innleiingsvis på møtet som blir halde i Kommunestyresalen i Rådhuset  tysdag 29. august kl. 1400, blir det ikkje mindre enn sju orienteringar, går det fram av innkallinga.

Dette gjeld:
– Orientering om Klatrehall Nysæter Ungdomsskule, kultur og idrettspark.
– Orientering  Stord Idrettslag sin arealanalyse for Vikahaugane.
– Orientering  om status for Kommunedelplan oppvekst: – Alle me(d) – heile vegen.
– Orientering  om mobilt skuleteam
– Orientering om status for kommunedelplanen Kultur
– Orientering om status for forstudie: – Vurdering rehabilitering av symjehallen i Kulturhuset, alternativt nytt symjeanlegg.

Så blir det attpå ei orientering frå kommunalsjefen.