Velstelt leikeplass

Velstelt leikeplass i bustadfeltet Marihaugen. (Foto: Steinar Hystad)

Innskriving av hendingar og observasjonar i  «plussmargen» er noko av det kjekkast me her i  Stordront.no kan gjera. Såleis er smilet til stades når  det her og no blir sendt heiderleg omtale til oppsitjarane i bustadområdet Marihaugen.  Der i garden har dei stelt fint med felles leikeplass, som framstod som særs ryddig og med nyklypt plen då me passerte ein kveld nyleg.  Eit framifrå føredøme.