Stord Maritime på populære hamnedagar

Utsendingar  frå Stord Maritime Museum: F.v. Egil Vik, Jens Ivar Østvik, Magne T. Gravdal, Øyvind Koppang, Gunnar Bjørk og Bjarne Tønnesen (Foto: Privat)

Det var eit yrande liv på hamnedagane i Haugesund i helga.  Smedasundet  var fylt opp med veteranfartøy, fine seglførande båtar og store skip som nattruta MS «Sandnes». På Indre kai fekk du oppleva dei flotte båtane på nært hald.  Der var også mange boder med  demonstrasjon av gamalt handverk, utstillingar, for born ein fiskekum og god «kommers».

Midt i alt dette av «liv og røre» hadde Stord Maritime Museum stand.  Karane frå venelaget tok med seg fire motorar som «putla og gjekk» på Kyvikkaien. Lyden frå motorane trekte til seg folk. Mange stoppa opp,  tok bilete og filma, studerte og hadde mangt å spørja utsendingane frå museet på Nattrrutekaien om.

– For Venelaget for Stord Maritime Museum var hamnedagane eit fint høve til å fremja samlingane våre, seier leiar i venelaget, Gunnar Bjørk  til Stordront.no

«Stordmotorane» putla og gjekk på Kyvikkaien  under hamnedagane i Haugesund.(Foto: Privat)