Ventar på pitlarane

– Kva er ein kjøttkakemiddag, svenske kjøttbullar eller viltgryte utan ein «dæsj»  rørte tyttebær? (Foto: Steinar Hystad)

Me held oppe påstanden om at naturen er gåverik for tida. Bærkraftig, så det held og vel så det.  Når hagebæra og blåbæra har levert varene, er det tyttebæra sin tur. Også for dei rauge små «oppå tuva» er det eit godt år, blir dei meldt frå dei nære skogar.  Eit tips i tyttebærlei vil alltid vera at dei raude trives ekstra godt i nokre år gamle hogstfelt.