Bygde nytt bedehus på same stad

I slutten av mars 1982 var rivearbeidet godt i gang – nybygget (som det står i dag) var klart til bruk hausten 1983 (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: 29. mars 1982 var ein alt kome godt i gang med rivingsarbeid på «gamle» Leirvik Bedehus. Som biletet fortel hadde gamlebygget tømra vegger, som stadfestar at det hadde gjort si teneste inst i Borggata i mange år. 

Mykje rivearbeid vart utført på dugnad, det same med reisinga av nye Leirvik bedehus på same tomta. Nybygget var vigsla hausten 1983 og  kan om eit par månader markera 40 år med aktivt. Stiftinga Leirvik Bedehus driftar bygget.