Aksjon stadnamn med godt resultat

Kvart tal betyr at  staden no får sitt namn på digitalt kart. (Foto: Huglo.no)

Huglo.no, nettsida til bygdalaget, står det å lesa at Eldretreffet på øya har samla seg om meir enn berre praten og vaflene på sine månadlege møte i bygdahuset.  Prosjektet denne våren har vore å samla inn  ultralokale stadnamn. 

«I siste liten starte me på Eldretreffet med å samla desse gamle lokale namna. Og dei som hadde særleg god kunnskap på feltet, blei også kontakta direkte.  Resultatet er godt og vel 600 namn på stein og haugar  avmerkte på Huglakartet.  No vert karta og listene med namn leverte på Stord kommune sitt kulturkontor til digitalisering.  Det finst nok mange fleire namn, men dei som kjende til desse, er nok ikkje her lenger.  I alle fall er no mange namn frå før tida med GPS og droner berga for ettertida» melder nettsida.