Ein liten pust i gato

– På tide å legga seg ne’på litt? Desse to tok ei kvilestudn, midt i Borggata, utanfor Turnhallen torsdag. (Foto: Tipsar)

Ein kan berre spekulera i kvifor desse to fann ut at beste staden for ein liten kvild ein torsdag føremiddag var midt i vegen, øvst i øvre Borggata. Kan henda var det for å understreka sterk minke i trafikken i den ein gong travle hovudgata i bysentrum. Kan henda var det berre tida for ein liten pust i gato. Ikkje veit me. Ikkje spelar det noko rolle heller. Litt sentrumsidyll tek me alltid i mot.