Ber om nytt vatn i «Vannverket»!

Ønskjer vatnet attende i «Vannverket» (Arkivfoto: Steinar Hystad)

I samband med 100-års markering for kommunalt vatn i Stord i 2013, vart det skrive om  vassverk-demningen under Lønningsåsen – «den står slik han vart reist framleis, solid og stødig». Det skal også har blitt hevda  frå kompetent hald at  «denne demningen står til Dovre fell».

Muren står der enno, men etter pålegg  frå tilsynsmynde er vatnet i «Vannverket» tappa ut  i 2023.

– Kva skjedde med demningen på desse ti åra, som gjer at den vart ubrukeleg, nesten farleg, spør ein oppsitjar i området i brev sendt politikarane  i kommunen.  I siste kommunestyremøtet før ferien vart det opplyst at vidare skjebne for «verket», vil bli sak å ta stilling til  til hausten.

I brevet vert det trekt fram gode miljømessige sider med å ha eit parkanlegg  som gamle «Vannverket»  nærleiken.  Her har det vore  aktivitetar sommar som vinter, det er eit ynda turområde, her  vekst  den sjeldne og utryddingstruga  planta Soleigro. Samt at området har vore ein ynda hekkeplass for diverse fuglar.

– Det er fint med eit slikt friområde/vass-speil  så nær bustadfelta og Leirvik sentrum, skriv oppsitjaren og avsluttar skrivet med denne sterke oppmodinga:

«Eg vil gje uttrykk for stor bekymring for at kommunen kanskje vel å ikkje ta seg råd til å byggja opp att denne perla. Om det skjer så vil det vera til stor sorg for alle som bryr seg om «vannverket».