Tips til innhaldsrik søndagstur

Gamleskulen på Skinnhueneset er blitt eit vel omtykt museum. (Foto: Steinar Hystad)

Juli månad er i år oppsett med fem søndag og på kvar av dei opnar Bømlo skulemuseum dørene (1400 til 1700) til den gamle skulestova  på Skinnhueneset.  Grenda med det spesielle namnet ligg «ut mot havet» på Goddo.  Vertskapet  byr på kaffi og lappar, med gode høve til mimring om ei skuletid som var, og til drøs generelt. – Me har også eit fint uteområde, romsleg med mange benker og sjøutsikt, skriv museumslaget i ei kunngjering.

Kombiner gjerne  visitten på gamleskulen med ein gåtur i  Goddo-naturen. Stiane er godt merka og det er laga til parkeringsplassar  ved innfallsportane.