Gratis bading og kino i juli

(Foto: Stord kommune)

Ordførar Gaute Straume Epland er invitert til Kronprinsparet sin 50 års feiring 25. august. I staden for gåve ønskjer kronprinsparet at gjestene som sjølv ønskjer det, bidreg med noko som kan skapa glede i lokalsamfunna dei er ein del av.

Ordføraren ønskjer difor å gje innbyggjarane gratis bading og kino i juli.

Bading

Gratis bading i kulturhuset. I sommar er symjehallen berre open på dagtid. 

Måndag og torsdag: 11.00 – 12.00: Symjing / trening og 12.00 – 15.00: Ope for alle

Tysdag, onsdag og fredag: 12.00 – 15.00: Ope for alle

Sjølv om det er gratis må du skaffa deg billett til den symjetimen du ønskjer, og til kinoen.

Bestill billett til symjehallen Hugs å gå i kiosken for å få fargestrikk som viser kor lenge du kan bada.

Kino

Gratis barne- / familiefilm kl 12.15 kvar tysdag og torsdag i juli.

Bestill billett til kino

Kronprinsparet sin 50 års markering

Sommaren 2023 fyller Kronprinsen og Kronprinsessa begge 50 år. Det ønskjer dei å markera ved å løfta fram noko av det dei set aller størst pris på i Norge. Difor har Kronprinsparet vert på besøkt fem ulike stader rundt i landet. Dei fem reisene vil til saman bli ei fortelling om ulike delar av samfunnet vårt – om både det gamle og nye Noreg, om kven me er og om kva som har forma oss som folk. I august inviterer Kronprinsparet gjester frå heile landet til bursdagsfeiring.

Oversikt over stader, dei har besøkt:

-Industrisamfunn: Stord (februar)
– Håndverk og tradisjon: Setesdal og Telemark (mars) 
– Vår samiske arv: Finnmark (april)
– Hav og kystkultur: Træna (mai) 
– Urbant liv: Oslo (juni)
– Bursdagsfest: Bakgårdsfest på Slottet (august)

Henta frå Det Norske Kongehus.

(Denne saka er henta frå stord.kommune.no etter avtale)