Plukkeklare i Skotlio

Mogne blåbær på tuve i Skotlio (Foto: Ida Koppang)

Nyss mogne og veldig freistande, står årets første blåbær klare til plukking og nyting, på ei tue i Skotlio, melder Ida Koppang.  Om det er ein slags tidlegrekord frå naturen si side, er litt usikkert, men  eteklare blåbær i slutten av juni er ikkje heilt vanleg  kost.  Uvanleg god varme siste vekene må har hatt sin verknaden.

Så då er det berre å sjekka om plukkaren , spanna, støvlar og rygg er klare til  hausting av nokre av dei mest vitaminrike gåver frå grøn lyng. Ser ut for å bli eit godt bærår.