Fleire ledige stillingar enn ledige folk

I juni har NAV i region Sunnhordland registrert 0,9 prosent av arbeidsstyrken som heilt ledige arbeidssøkarar. Det er det same andel som månaden før.

-Talet ledige held seg stabilt på eit særleg lågt nivå i Sunnhordland. Det låge nivået kan gjere det krevjande for arbeidsgjevarane i regionen vår. Me ser likevel at det er noko rørsle i arbeidssøkarbehaldninga. Dette er sjølvsagt positivt, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I same periode registrerer NAV ein tilgang på 377 ledige stillingar. Talet ledige stillingar er høgare enn talet heilt ledige og arbeidssøkarar på tiltak til saman (345).

-Me er no vitne til ein spesielt stram arbeidsmarknad. Tidlegare har me sett at kompetansen hjå dei ledige ikkje har svara på den etterspurde kompetansen i arbeidsmarknaden. No ser me eit misforhold på storleiken, seier Håvard Lægreid.

Viktig å halde på folka

I den aktuelle arbeidsmarknaden peiker NAV-leiaren på to hovudaktivitetar som verksemdene bør fokusere på.

-Den første er korleis ein skal halde på dei folka ein allereie har. Den andre er korleis ein kan lage plass til dei som i dag står utanfor arbeidslivet. Dei fleste av dei er ikkje ein del av arbeidsløysetala. Hjå NAV kan verksemdene få hjelp til begge deler, seier Lægreid

I Sunnhordland har NAV eit eige Arbeidslivssenteret. Der sit fire tilsette som representerer høg tverrfagleg kompetanse frå ulike fagdisiplinar og skal bistå verksemdene med å halde på folk.

-Me leverer tenester i tidsavgrensa periodar hjå verksemdene. Intensjonen vår er å gjere arbeidsgjevarane sjølvhjelpte i arbeidet med sjukefråværsoppfølging og arbeidsmiljøarbeid, seier Anlaug Rygg Svensen, avdelingsleiar for NAV sitt Arbeidslivssenter, avd. Sør.

Utanforskap frå arbeidslivet

NAV har dei siste åra produsert ein analyse av utanforskapen i arbeidslivet. Dette er eit augeblikksbilete av innbyggarane sin situasjon ved utgangen av året før. Dei siste tala visar at om lag 1 av 5 i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet. Blant dei 6700 som i regionen stod utanfor arbeidslivet, var berre 60 prosent av dei registrert med ei yting frå NAV.

-Me ønskjer å kome i kontakt med fleire som i dag står utan tilknyting til arbeidslivet, seier Lægreid.

Då Ulf Andersen, statistikksjef i NAV vitja Stord i mai viste han til at 700 unge vaksne mellom 20-29 år i Sunnhordland står utan tilknyting til arbeidslivet og samstundes utan yting frå NAV.

-På same tid er det 675 verksemder i regionen med 10 eller fleire tilsette. No vert dette ei forenkling, men kva om alle desse verksemdene hadde teke inn berre éin av desse ungdommane, stilte Andersen spørsmål til dei frammøtte i Stord kulturhus, 9. mai.

Nye tal for utanforskap frå arbeidslivet i Noreg er venta i august.