Klart for Hugladag med  flåtepadling og konsert

Frå Hugladagen i fjor: Først bygde dei flåten, små måtte dei padla ein runde for å få stadfest flytedugleiken. (Foto: Steinar Hystad)

Er du glad i padling med sjølvlaga  kvikk-bygd-flåte og trivest med både småbåtspikking og  rebusløp?. Dette er aktivitetar  å vera med på i området kring ferjekaien og Huglabutikken søndag  frå 12 til 1600.  Frå 14.30 kan du ta pause og toppa det heile på konsert  med Ragnhild K. Grov  og Endre Olsen same staden.  God mat å få kjøpt frå grillen, eller i Huglabutikken som har opne dører søndagane  ut månaden.

– Huglo er eit glimrande mål for båtturen, og komiteen bak hugladagen minner om at det i tillegg til gjestekaien, er høve til å bruka ledige  båsar i  småbåthamna innom moloen.