Lengste kommunestyremøtet i Stord-soga

10 timar varte kommunestyremøtet i Stord Rådhus torsdag 22. juni.. (Arkivoto: Haldis Lauksund, Stord kommune)

–  Ja,  eg må sei eg er imponert over dei folkevalte i kommunen vår, som klarte halda saksfokus og engasjement gjennom samfulle 10 timar, seier ordførar Gaute Epland til stordront etter rekordmøtet i kommunestyresalen.

Det er heilt normalt at siste samling for lokalpolitikarane før ferien har mange og tunge saker på agendaen.  Nemnast skal trase for E39, nye sjukeheimsplassar,  budsett-saker –  som alle gav  lange ordskifte. I tillegg var det til kommunestyret 22. juni i år meldt inn fem interpellasjonar og 10 spørsmål.  I sistnemnde kategori vart det gjort ein forkortande vri, ved at  sju av spørsmåla  berre fekk skriftleg svar vedlagt møteprotokollen.  

Når stordront.nospurde seg føre i sekretariatet om dette kunne vera lengstvarande kommunestyremøte i  Stord-soga, var svaret (ganske så) sikkert  ja. I alle fall det lengste sidan  Rådhuset byrja senda møta på kommune-tv i 2008.