Dett nok ikkje ned, men…

Ikkje like rakrygga som andre pålar ein likar å samanlikna med… (Foto: Steinar Hystad)

I grøftekanten ved Langelandskrysset (populært omtalt som uvissekrysset, sidan alle stoppar for alle og lurer på kven som skal køyra først), der,  står ein nokså «bakøvelent» påle. Både som gatelys og for framføring av straum m.m.. Pålen er den siste i rekkja, frå toppen går straumkablar mm ned i jorda. Det kan vera at  pålen føler ei ekstra tyngde og at han difor ikkje er høgreist og rett i ryggen, utan at me kan påstå at  han er på veg til å detta øveende. Stordront  meiner likevel det kan vera på sin plass med eit forsiktig varsel om stoda, slik at  Fagne-folk som fer framom kan halda eit auga med den vidare utviklinga.