Ingen fare, berre testing

Slik verka det når ein testar ballastsystemet (Foto: Tipsar)

Det kunne sjå noko nifst ut, då nyaste  katamaranen frå Oma Baatbyggeri AS brått sette baugen ned i sjøen i samband med tekniske prøvar tysdag.  Båtbyggeriet i Aslaksvikjo mottok ein del spørsmål frå folk som lurte på kvifor båten «stod på håve» på Vikafle.

–  Ingen fare, berre testing av ballastsystemet. Og det gjekk fint, opplyser prosjektleiar Jonas Angeltveit  hjå Oma.

Onsdag komande veke skal «Trym» overleverast Norled og gå inn i rute i Florø-bassenget. Båten har plass til 70 passasjerar  i salongen  og sju personbilar, eller ein trailer på 20 tonn akter.  Når så store køyrety skal om bord bak, er det trong for ballast  framme for å halda fartyet stødigt. «Trym» er den andre i ein serie på tre kombi-snøggbåtar Oma har kontrakt på.