«The good old rock’n roll»

Chiclets spelte til dans første gong i 1962. Per Øystein Kannelønning (gitar) og Olav Skorpen (trommer) har vore med sidan då. Åge Ottesen (bass) kom med i 1966 og  Torleiv Agdestein kom med på tangentar i 1986. (Foto: Steinar Hystad)

– Rundt 1960 rek Olav og eg gatelangs  på  Vikjo, og ein gong me gjekk forbi  Hellands-huset i søre Kaisving, såg me inn på kafeen og kolonialen som var her då. Huska me sa te kvarandre, at her hadde da jammen vore kjekt å spelt ein gong. Og no e me her, 60 år seinare.  

Det var me eit solid smilefjes  Per Øystein Kannelønning helsa velkomen til gjenhøyr, då Chiclets laurdag inviterte til comeback og tedans på Åtgaum.  Utselt, og god stemning frå første låten. Storparten av publikumet har hatt denne kvartetten som  førsteval   når det skulle dansast gjennom nest  siste fire-fem tiår. Når Chiclets  henta eine godbiten etter den andre opp frå gamalpop-skattekista si, slo akkordane – då song nøgde vener med.  Same om det var rolege «knekelåtar» eller «good old rock’n roll». Det blei nokre gilde timar.

Med så friske takter og speleglede etter 60 år, er det ingen grunn til å pensjonera seg  enno på ei stund.