Korpsfest i gata

Bømlo Jansitsjar stilte i «nasjonalromantiske uniformar» og hausta stor fagning. (Foto: Steinar Hystad)

Marsjering av typen med taktfast presisjon, og  frisk korpsmusikk servert med like stor presisjon, gledde eit talrikt publikum i  Borggata  laurdag føremiddag.  Det sytte Sagvåg Musikklag for, som tilskipar av konkurransen Stord korpsfest 2023. Deltakande korps,  m.a. frå Haugesund og Bømlo og «heimelaget» sjølv sanka poeng  gjennom  marsj og  musisk framføring.  Seinare på dag var det eigen festkonsert i Kulturhuset.