Kva gjer denne PÅ Himmelen?

Held eit blikk på trafikken i Nuen frå den kvite containeren under Kattnakken. (Foto: Steinar Hystad)

Når Himmelen har fast grunn å by på, bør vel den rette nemninga vera PÅ Himmelen. Du er PÅ Himmelen om du tek vegen til Kattnakken. Plassen ligg nett nedom den første krappe svingen til høgre, og byr på ein fenomenal utsikt over Langenuen og sørlege Sunnhordland.  Ein ganske så høvande stad for dei og den som ønskjer data om det som skjer på den salte sjø nokre hundre meter lenge nede.

– Og akkurat slik informasjonsinnhenting er det som blir testa ut i inne i den kvite containeren som ei tid har sått PÅ Himmelen. Det er forsvaret sitt prosjekt, men stordront fekk sikker melding når me banka på contanerdøra, om at dette  er ei tidsavgrensa og totalt fredeleg forsking.