Trong for greinsaks her også

Fint om det kan stussast i dei nede greinene. (Foto. Tripsar)

– Ser det skal klyppast  i busker og kratt for å gjera sikten betre og tryggare langs kommunale vegar i Stord, og er takksam for det. Trur kanskje eg blandar korta når eg ber særskilt om at det blir klypt i dei nedre greiner på trea som står  i bakken i nordenden av Frugarsdsbrua. Vegen her er vel i eige hjå fylkeskommunen? Uansett – det er når ein skal ut frå  parkeringsplassen ved kyrkja sikten mot køyrebanen på brua ikkje  er lang nok.  Bilar kan koma uforvarande brått på, tipsar bilist.