Engasjement og tolmod viktigaste eigenskapar

Fitjar kommune ønskjer desse skilta vekk frå Fylkesvegen mellom Tveit og Årbø.

Tredje januar i år signerte og sende  ordførar Harald Rydland i Fitjar brev til  vegeigar Hordaland  fylkeskommune. For andre gong vart det bede om redusert fartsgrense Fv 545. Dette gjeld for 1 kilometer mellom  Årbø og Tveita som er skilta for 80 km/t, medan resten av den 6,5 km lange vegen  frå Rydland til sentrum er skilta for 60 km/t.  Strekket  med 80 km/t er det mest svinga og uoversiktlege. Første gong kommunen sende søknad vart det avslag med tilvising til  eit rundskriv  kring «fartsgrensekriteriar».   Etter lesing av regelverket er  Rydland komen fram til at  den omtalte  ein kilometeren med 80,  burde vera velkvalifisert for 60.  Sju konkrete punkt er tekne med i den nye søknaden.

– Sendt for vel fem månader sidan, har du fått svar frå fylket?

– Ikkje førebels, men med gir ikkje opp, seier  Harald Rydland til stordront.no. Og legg til.

– Du veit, viktigaste eigenskapar for ein lokalpolitikar er engasjement – og tolmod.