Hamna betre stilt enn kommunen…

Hamna gjekk med godt «overskot» i 2022

Utval for plan og utvikling er også styret for Stord Hamn,  og hadde på møtet sist veke den greie gleda av å vedta årsmelding og rekneskap for 2022.  I offentleg terminologi heiter det ikkje å gå med overskot, der blir det mindreforbruk eller meirforbruk. Likevel, Stord hamn gjorde opp fjoråret med eit reneskapsmessig mindreforbruk på kroner  2 842 340. Heile summen vart sett av til disposisjonsfond.

Eit  godt resultat, sett i høve til rekneskapen for sjølve Stord kommune, som gjorde opp fjoråret med netto driftsresultat på 1 958 530 kroner.