Bli med på «Allsong i Parken»

Endre Olsen og Hanne Eldøy Isdal

Endre Olsen og Hanne Eldøy Isdal er klare for Allsong i Parken søndag 11. juni. Her skal dei to framføra «Frank Mills» og «Big Yellow Taxi».

Endre stiller også saman med Klangboltane, og han framfører eit par nummer åleine. Det set ein ekstra spiss på tilskipinga at han gjorde det så strålande i The Voice. Hanne, som går andre året på musikklinja, SVG, gjorde ein imponerande rolle som Rizzo i Grease i vår.

I år som i fjor er Nils Horn med. Dei held eit profesjonelt nivå og er nett komne heim etter miniturne på Sørlandet. Den særprega musikken og tekstane er laga av Nils Eivind Horneland, og denne dagen står han saman med Ian Kolstad og Stian Tønder på scena i Parken.

Foto: Tor Resser

Øystein Olsen leier både allsongen og programmet. Tribuneorkesteret, med Kjell Aasheim, Nils Abrahamsen, Svein Losnegård og Lorentz Kannelønning er på plass.

Venelaget for Parken er arrangør, og i år kan dei by på nye benker, ein av dei talrike dugnadsjobbane dei har gjort.

Praktiske opplysningar:
Allsongen varer frå kl. 1600 til kl. 1730. Tribuneorkesteret varmar opp på førehand.
Vaksne betaler kr 50,-, familiar kr. 100,- . Born under 15 år kjem inn gratis
I tilfelle dårleg vêr vert tilskipinga i teltet på Torget. Langtidsvarselet spår fint vêr.

Bilete av Nils Horn og Klangboltane er å finna på nettet.

Tribuneorkesteret