Bygdekvinnestreif på Huglo

Vertinne Eline Bruntveit (t.h) fortalde levande om klenodia som er samla i Omnshuset på Nordhuglo. (Foto: Steinar Hystad)

Det som tidlegare var meir stasjonere årsmøte for Hordaland Bygdekvinnelag, er bytta ut med eit årleg streif rundt i fylket.  I fjor til Tysnes, i år til  Huglo der det driftige lokallaget laurdag var vertskap for vel 60 tilreisande. Gjestene vart tekne imot med fullt dagsprogram.  Starta med  velkomsthelsing, heimebakst og drikke og interessant informasjon kring dei 61 klenodia i Omnshuset på  Nordhuglo.  Lunt og godt, vertinne Eline Bruntveit hadde fyrt opp i dei store «kyrkjeomnane».  Neste stopp var skuleplassen, med fordeling i tre grupper, som veksla på  gaida busstur på den fagre øya, besøk  på dyrerike Myrvold gard,  før avsluttande samling  med full middag i gymsalen på gamleskulen. Bygningane er i eige av Bygdalaget og vart  omdøypte til Bygdastova.

Kathrine Huglen, nyvalt leiare i Huglo bygdekvinnelag, kunne der fortelja  at  laget har 17 medlemer, møtest ein gong i månaden og har mange gjeremål.  Eitt av dei har vore å skaffa midlar og få sydd og hengt opp det nye blå sceneteppet i gymmen.  Det gav applaus frå salen. Det same då leiaren i fylkeslaget, Åsa Gunnarsdottir, frå Ulvik, takka for huglavertskapet for ein innhaldsrik dag.

Streifet på Huglo laurdag, vart avslutt med middag i fest/gym-salen på gamleskulen. (Foto: Steinar Hystad)