Sølv til Stord-kastarane i NM

Sølvlaget frå Stord Hesteskoklubb: (f.v.) Jon Hermann Sørheim, Dag Otto Koppang, Annar Westerheim og Rolf Ekre (foto: privat)

Ei flott fjør kunne setjast i jubilumshatten til Stord Hesteskoklubb laurdag ettermiddag. Med sikker kasting av dei 680 gram tunge stålskorne gjennom  ei mest fem timar lang tevlingi på Lindås, vart det sterk sølvmedalje til kvartetten: Annar  Westerheim, Dag Otto Koppang, Rolf Ekre og Jon Hermann Sørheim. Samla sett den beste passeringa i eit Noregsmeisterskap så langt i Stord-klubben si 30 år lang soge.  10 lag frå det ganske land var med i konkurransen.  Vinnar vart, ikkje utventa, Nordhordland hesteskoklubb.