Styrehus både framme og bak…

To båtar eitt styrehus – men det varte berre ein halv minutt! (Foto: Steinar Hystad)

Både pussig og gøyalt samantreff i Langenuen her om dagen,  der trafikken av lastebåtar av ymse  storleik og utsjånad stadig er i fart nord og sør. Båtane på biletet var komne rett forbi  Rommetveit då båten med styrehus forut tok att båten framom.  den hadde  styrehuset akter og gjekk noko saktare enn hin.  Augneblinken  då  dei to styrehusa var vis a vis kvarandre, dukka motivet du ser over desse liner opp i Nuen.  Greitt då å ha ein kvikk mobil for handa…