Viktig info om nærnaturen vår!

Våtmark har fått sitt eige kapittel.

Godt stundom å få påminning om kva kvalitetar me har rett utom ytterdørane våre.  I nærnaturen vår.  Difor takk til Naturvernforbundet  Stord som i desse dagar presenterer ein rykande fersk faldar: –  «Bli kjend med nærnaturen».

Over 32 sider blir det  i tekst og bilete informert om dei ulike naturtypane i regionen, som byr på eit  unikt og rikt artsmangfald, dyre- og fugleliv. Det vert opplyst at fleire av artane er truga og er førte opp på raudlista. Faldaren fortel om lokal edellauvskog, fjell, myr, våtmark, strandsona, kulturlandskap og kystregnskog.   Ein er beint fram  lur, om ein tek dette  oppslagsverket med på tur.

I innleiinga står skrive:

«Me har ein flott, variert og artsrik natur i Sunnhordland. Fleire stader kan med vandra frå strandsona med skjørbuksurt og hegre, gjennom skogen med blåbærlyng  og hakkespetter, og heilt til fjells der fjellsmetta ventar. På vegen passerer me kulturlandskap med sjeldne soppar, myra med porskratt og soldogg og tjørner med gule og kvite nykkeroser»

«Bli kjend med nærnaturen!»  er ei gåve frå Naturvernforbundet Stord, og kan hentast på våre offentlege bibliotek og ekspedisjonen i Rådhuset.

Den nye faldaren om Nærnaturen