Skattejakt i sentrum

Har du ein liten sjørøvar i familien? No blir det skattejakt i sentrum for små piratar, melder Stord kommune på sine heimesider.

Hent skattekart på kulturhuset eller i rådhuset og finn bokstavkodane som viser vegen til skatten. Du kan og laste ned kartet her

Skattejakta varer frå 27. mai til 16. juni, og inngår som eit tilbod i arrangementet Folk i sentrum.