Klypping av vegetasjon langs kommunale vegar

(Illustrasjonsfoto: Torill Elen Rønnekleiv/Stord kommune)

På dei kommunale heimesidene ber Stord kommune naboar langs vegar om å klyppe eigne hekkar og tre, slik at dei ikkje veks ut i veg- og fortausareal, og soleis vert til hinder for framkome og vegvedlikehald.

Høge og breie tre, hekkar eller buskar langs veg og i avkøyrsler, kan hindre fri sikt og skape trafikkfarlege situasjonar.

Grunneigar er ansvarleg for å klyppe hekkar og buskar mot kommunal veg på sin eigedom, samt å sørge for fri sikt i si avkøyrsle.

Frå veke 22 vert det klypping av vegetasjon med grovt utstyr langs kommunale vegar.

Les meir om trafikksikring