Mogleg å laga fortau her?

Grunnlaget for sikkert fortau ligg under singelsteinane. (Foto: Privat)

Oppsitjar i Kringsjå som ofte vel å gå til Leirvik sentrum,  fortel at deler av ein elles grei tur er blitt noko meir kviasam siste åra. Og det på grunn av tilhøva på ein 10-20 meter lang strekning.

– Det er tydeleg at det er for få faste parkeringsplassar i området ved  Stord sjukeheim, slik at også vegskuldre på takast i bruk. Det gjev smalare veg, akkurat på strekingen der det er laga til eit «bed» fullt med singel. Små steinar som har ein lei tendens til å trilla ut i vegbanen, og sidan rullesteinar er farlege å ferda på, blir vegen ekstra smal på staden.  Sidan grunnlaget for fortau så absolutt er til stades, er bøna mi – og fleire andre si – at dagens  singelsteinbed blir  forvandla til trygt fortau.

Er det mogleg, tru?