Boniterer for ny snøggbåtkai

Den nye kaien bli 22 meter og vil rekka ut til om lag der flåten ligg. I bakgrunnen 33 meter lange «Tranen». (Foto: Steinar Hystad)

I planane for det nye hotellet som skal byggjast på Nattrutekaien, er det innbakt  ny kai for snøggbåtane. Den kjem «utpå»  gamlekaien, stikk  22 meter ut i hamnebassenget, og strekkjer seg fem meter lenger aust enn noverande bygningsmasse på tomten.

Kaien skal byggjast i ein kombinasjon med fylling og pelar. I desse dagar blir det drive bonitering og undersøking av stabilitet av botnen der kaien kjem. 

Dato for byggjestart er førebels ikkje sett

– Men stein til fyllinga er klar, den ligg lagra på Heiane Vest og i Brotåsen, seier Kurt Arne Tyse i Fronta-gruppen  til stordront.no.