Blomepynta ferjekai

Ein grå dag for fotografering, rett nok, men nyplanta blomar kvikkar opp. (Foto: Steinar Hystad)

Når det stundar til sommartid og kanskje varme dagar, blir det pynta med fargerike vekstar i blomekassane  på ferjekaien på Nordhuglo. Bak det oppkvikkande og rosverdige tiltaket står aktive medlemer i Huglo bygdekvinnelag. Blomane gjev ei fin ramme til dei robuste bord og benker som står til fri bruk til ei kvar ventetid  på kaien.  Bygdekvinnelaget har også ei viktig serveringsrolle når det 2. juli blir invitert til Hugladag kring ferjestøet.