Benken i  gapahuken reparert

Benken i gapahuken etter reperasjonen. (Foto: Steinar Hystad)

Elden hadde fått godt tak i treverket, då ein tilfeldig forbipasserande  såg røyk siva ut frå gapahuken på Vaskeriplanet på Litlabø.  Branntilløpet vart kvelt, og leiaren i Sagvåg Bygdalag, Stein Braathen  vart alarmert og informert.  Han  kom straks til staden og driv ettersløkking. Teorien vart at einkvan hadde tent opp eit kubbalys på benken, som så vart forlete med logande flamme.

Onsdag  tok  Braathen saman med dugnadskollega Annar Westerheim oppdraget med å reparera den brannskadde benken. No er han god som ny, til glede for dei som har gapahuken på planet som turmål –  og ikkje minst for dei mange tilreisande som har meldt seg til tevling i hesteskokast på banen like,  ved komande helg.

Slik såg benken ut nyss etter at branntilløpet vart sløkka. (Foto: Steinar Hystad)