Ber om «husnummer» på hyttene

Det er etter kvart kom mange  hytter i Kråko (Google Maps)

– Eg vart hasteinnlagt på sjukehuset på Stord for vel eitt år sidan og vart henta av ambulansen. Heldigvis  var ein av ambulansesjåførane frå Fitjar, så han visste kvar han skulle køyra.

Dette skriv ein hytteeigar i Kråko i ein e-post til Fitjar kommune. Han er ein av mange som lenge har venta  på «husnummer» å festa på hytteveggen.  Eigaren av fritidsbustaden minner om at det er mange eldre hyttefolk  i Kråko som kanskje må hentast med ambulanse ein gong, og då er det greitt av  ambulansen kjem fram til rett adresse.

– Det har vore arbeidd med husnummer her i lengre tid, så no hadde det vore greitt at dette kom i orden, heiter det til slutt i skrivet.