
Me er tilbake i slutten av mai 1980. Stord Røde kors har invitert unge( i småskulealder) og eldre (opp til 90) til deltaking i Stord Grand Prix , kassabilløpet i Borggata med fri fart frå Turnhallen til Narvesen. Det vart kjempesuksess, ikkje minst publikumsmessig. 50 deltakarar i ymse slag sjølvlaga doningar og langs ruta stod det eit par tusen tilskodarar, tett i tett.
Året før var Vikabrekko (gjerne omtalt som Skulebrekko) arena for løpet, men vart i -80 flytta til Borggata då farten ned frå Vikstemmo vart i tøffaste laget. I gata gjekk det litt rolegare og sikrare føre seg.

