Kva skjer med gamle vassverket?

Slik såg det ein gong ut i Vassverket i Lønningsåsen. (Foto: Steinar Hystad)

– Har kommunen motteke rapport med tilråding frå Teniske tenester? Kva tid vil dette eventuelt bli presentert for det politiske miljø?

Desse spørsmåla ønskjer  Fredrik Ugland Lilteskare (H) at ordføraren kan svara på i kommunestyret – og saka det gjeld er  gamle vassverket i Lønningsåsen. 

Ugland Litleskare var til stades då Stord vatn- og avløp starta  nedtappig av oppdemt vatn i magasinet, grunna tilstandsrapport om den over 100 år gamle demningen.  I samband med tappinga vart det informert om tre aktuelle tiltak vidare:

1.       Riva heile demningen og tilbakeføra området.

2.       Rehabilitera  og fylla vatn ved å støypa ny demnineng

3.       Ein redusert demningen, med mindre vass-spegel enn det som tidlegare var.

– No har tida gått og folk i området ventar på innstilling og behandling i det politiske miljøet. Ikkje minst av den grunn at vassverket var veleigna til bading og som rekreasjonsområde. Slik det ligg i dag, er det knapt brukande til noko som helst, anne enn eit sumpområde, påpeikar poltikaren.