Går mot interessant «spørjetime» i kommunestyret

Går mot interessant «spørjetime» i kommunestyret. (Foto: Haldis Lauksund, Stord kommune)

Til møtet i Stord kommunestyre torsdag 11. mai er det meldt inn fire skriftlege interpellasjonar og sjue skriftlege spørsmål, går det fram av innkallinga. Dette kan vera «rekord» i lokalpolitisk spørjing, og mange interessante emne blir tekne opp.  

Og ja, det er ein viss skilnad på interpellasjon og spørsmål i eit kommunestyre. Begge deler skal leverast skriftleg til ordføraren ei viss tid før møta og det skal leggjast ved innkallinga – på same måte som svara blir refererte i møteprotokollen.  Ein interpellasjon kan resultera i  debatt  og forslag til vedtak i møtet. Det kan ikkje eit innmeld spørsmål – der blir det opplesing frå representanten og svar frå ordførar/administrasjon.

Dette er meldt inn til  «spørjetimen»  i Stord kommunestyre sitt maimøte:

S 12/23 Interpellasjon til kommunestyret frå Kallel Mohamed (R) – Reinhald av det offentlege rom

IS 13/23 Interpellasjon til kommunestyret frå Kallel Mohamed (R) – Rydding av bossdunkar

IS 14/23 Interpellasjon til kommunestyret frå Aamot Trude AP – Oppmoding om momsfritak på VA-gebyr

IS 15/23 Interpellasjon til kommunestyret frå Kallel Mohamed Raudt – Utleieprisene på kommunale boliger.

IS 16/23 Spørsmål til kommunestyret frå Fredrik Litleskare (H) – ad strøing, brøyting kommunale veger

IS 17/23 Spørsmål til kommunestyremøtet 11.05.23 frå Tarjei Aamot Haga (A) – Bufellesskap for demenssjuke

IS 18/23 Spørsmål til kommunestyret frå Barane Britt Nelly Hystad Arbeidarpartiet – Kaien på Sørhuglo 2

IS 19/23 Spørsmål til kommunestyret frå Damås Edgar Arbeiderpartiet – Nye sjukeheimsplassar og ein eventuell omkamp om plassering.

IS 20/23 Spørsmål til kommunestyret frå Kallel Mohamed Raudt – Hamnespy på Stord.

IS 21/23 Spørsmål til kommunestyret frå John F. Tonnesen MDG – kunstgrasbanar IS

IS 22/23 Spørsmål til kommunestyret frå Svanberg Reinert Stord FrP – Utvikling i kommuneøkonomien