Rår til godkjenning av 12 lister

Valstyret i Stord skal på møtet neste veke har gjennomgang og gje endeleg godkjenning av listene til kommunestyrevalet  11. september.  12 lister var innleverte ved fristen,namna på desse er blitt grundig sjekka i høve til lovverket og det er gjort tre endringar undervegs. Ein person som ikkje har adresse Stord, og to som har levert grunngjevne  søknader om å bli trekt frå listene.

Det ligg til møtet føre innstilling om at  erklæringar og fritakssøknadar motteke etter fristen ikkje vert vurdert etter vallova §3-4 (2).

Såleis ligg det ann til at stordabuen får kommunestyrekandidatar frå desse  partilistene å velja mellom:

– Arbeidarpartiet
– Framstegspartiet
– Høgre
– Industri- og næringspartiet
– Kristeleg folkeparti
– Miljøpartiet dei grøne
– Norgesdemokratene
– Konservativt
– Raudt
– Senterpartiet
– Sosialistisk venstreparti
– Venstre