![](https://usercontent.one/wp/www.stordront.no/wp-content/uploads/2023/05/fugleskremsel-1024x534.jpg)
Landar ein flokk grågås på grøn grasbø, for inntak av næring på turen nordover kysten, kan grunneigaren rekna med redusert avling. Gåsa forsyner seg grovt, i tillegg til at ho øydelegg rotsystemet for graset. Etter måltidet legg fuglane att sitt særeigne «visittkort» i store mengder.
Somme stader er gåseplaga så stor, også økonomisk, at det årleg blir søkt fellingsløyve for ein del eksemplar. Dette gjeld både i Fitjar og på Huglo.