-Særleg vår region kan kome til å slite

(Foto: Steinar Hystad)

Arbeidsløysa er veldig låg, og også talet langtidsledige minkar. Berre 36 % av dei ledige hamnar i denne gruppa no, mot 60 % på same tid i fjor, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I april var det 377 ledige stillingar registrert hos NAV – trass i få teljedagar i april månad grunna påsketid. Flest stillingar var det i Helse-, pleie– og omsorgsyrka (163) og Undervisning (44).

Kan kome til å slite
NAV lanserte denne veka omverdsanalysen sin. Denne peiker på trendar mot 2035 som vil kunne påverke NAV, men òg samfunnet generelt. Ei av trendane som analysen peiker på er endringa i alderssamansetning – både i Noreg og land der me ofte får arbeidsinnvandrarar frå. NAV meiner Noreg kan kome til å slite, då ein ventar det vert vanskelegare å tiltrekke seg utanlandsk arbeidskraft i framtida.

-Held denne trenden fram trur me særleg vår region vil råkast. Både leverandørindustrien, men også helse- og omsorgssektoren hentar arbeidsinnvandrarar frå dømesvis Aust-Europa og nabolanda våre. Ei slik utvikling vil likevel kunne tale for betre føresetnadar for inkludering av dei som i dag står utanfor arbeidslivet, seier Håvard Lægreid.

9. mai inviterer NAV til arrangementet Eit utvida arbeidsmarknadsperspektiv klokka 12:30 i Stord kulturhus

-Me kjem til å presentere lokale funn frå bedriftsundersøkinga til NAV. Samstundes er det behov for å sjå på den lokale arbeidsmarknaden i eit utvida perspektiv – mellom anna med omsyn til det omverdsanalysen peiker på. Det vert berre viktigare å både halde på sine tilsette og å sikre at ein har god tilgang på nye. Dette kan me hjelpe med. Me er glade for dei mange gode samarbeida me allereie har med arbeidsgjevarar i regionen, og trur lokalsamfunnet er avhengig av desse og enda fleire i framtida, seier Håvard Lægreid.

Lågast arbeidsløyse i Fitjar kommune
I Sunnhordland er det i april lågast arbeidsløyse i Fitjar kommune (0,6 %), medan den er høgast i Bømlo kommune (1,1 %). 

Snittet for heile Sunnhordland er på éin prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,7 %) og landet (1,8 %).