– Hiv deg på hesteskokasting

Klubbleiar Dag Otto Koppang (nærast) har nett kasta frå seg hestesko mot «stikka» (Foto: Steinar Hystad)

–  Ein alle tiders «basill» å bli biten av,  meiner karane som brukar  onsdagskveldane i den lyse årstid til sikre kast av 680 grams tunge hestesko mot «stikka» 10 meter  framme.

I 30 år har det vore faste øvingar, og ei rekkje helgetvelingar, i den edle kastesporten i regi  av Stord Hesteskoklubb. Banar har det vore fleire av, men dei siste åra og i inneverande sesong er det  arenaen på Vaskeriplanet  på Litlabø som gjeld.

– Me har alltid plass til fleire  og dei som vil prøva seg er velkomne til  trening med tips og informasjon om gode teknikkar. Det er berre å møta på banen onsdagar  kl. 17.30 og setja av eit par timar, tipsar  klubbleiar Dag Otto Koppang.