Nyasfaltert og fint

Høylandsvegen er solid opprusta (Foto: Tipsar)

Over tid har det vore omfattande gravearbeid i VA-samanheng i  veggrunnen  over Høyland. Anleggsverksemda er  no til endes og jobben vart avslutta med å leggja nytt fast dekke frå krysset mot Bjellandsvegen til krysset mot  fylkesvegen på Tveita.  Resultatet er blitt så godt at ein «fast brukar» av vegen vil senda skryt til utøvande mannskap.  Og det hjelper stordront.no sølvsagt til med.