– Industrien vår, klima og framtida

Statsråd Ola Borten Moe – opnar Stordkonferansen 2023. (Foto: Stortinget)

Dette er tema for årets Stordkonferanse, skriv Stord kommune på sine heimesider.

Er det mogleg å løyse klimautfordringane samstundes som fossil energi er ein del av energimiksen? Me er god på teknologiutvikling, men er me rett og slett for seint ute? Har me klare nok mål og gode nok verkemiddel for å lukkast?

Krigen i Ukraina og påfølgande sanksjonar mot Russland, har tydeleg synt oss at naturgass framleis er ein viktig del av energimiksen. 

På Stordkonferansen 8. juni vil karbon fangst og lagring verta eit sentralt tema. Skal me halde fram med produksjon på norsk sokkel, må me samstundes klare å fange og lagre Co2. For å få halvert klimagassutsleppa på sokkelen innan 2030, vert vegen via elektrifisering avgjerande viktig. For så i framtida å produsere kraft frå havvind til bruk på land. Benedicte Solaas, direktør for klima og miljø i Offshore Norge, kjem til Stordkonferansen og fortel kvifor ho trur dette er mogleg.

På Stordkonferansen møter du Prosjektleiar Knut Mathias Vestbø i Northern Lights, Chief Technology Officer Jim Stian Olsen i Aker Carbon Capture og Prosjektleiar Sigurd Some Jenssen i Wärtsilä Norway, som alle jobbar med Co2 fangst og lagring på ulikt vis.

Kompetanse og verdiskaping heng nøye saman. Kompetansen som er skapt i leverandørindustrien gjennom oljealderen, skal ta oss inn i nye marknader og det grøne skifte. Seriegründer og industribyggjar Magnar Aaland tar oss gjennom si kompetansereise frå petroleum til nye grøne marknader. I tillegg vert det innlegg frå Aker BP og Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Stord får Newton-rom på nye Nysæter ungdomsskule – noko som skal bidra til auka interesse for realfag for oppveksande generasjonar. På Stordkonferansen vert du kjent med Newton- konseptet, og Stordkonferansen vil bidra med å skaffa innhaldet til Newton-rommet.

Meir om programmet, føredragshaldarane og påmelding på www.stordkonferansen.no