Legg nytt golv i gapahuken

Beleggstein – som skal bli til golv i den mykje brukte gapahuken ved Hustrudalsvatnet. (Foto: Steinar Hystad)

– Eg må igjen frå skryta  over  dugnadsviljen til å gjera det endå finare i og kring gapahuken vår. No er det nytt golv som står for tur, seier Kjell Westerheim i  turlaget til stordront.no.  Gapahuken og samlingsplassen ved Hustrudalsvatnet er  «hjartebarnet» til dei 30  som har skrive seg på dugnadslista.

Nettavisa får opplyst dette når me spør kva som skal skje med  lasset fin murstein som er lagra bak gapahuken.

– Ikkje eitt lass, korrigerere Westerhem.

– Her snakkar me om tre traktorlass med dei flottaste  beleggsteinar, fått i gåve frå ein hageeigar i  Døsoområdet. Steinane  skal no leggjast i fin sand og bli til golv inne i  «huken». Det vil bli lettare å halda reint enn dagens grusteppe.  Me gleder oss.