– Dette var nostalgisk og kjekt å sjå. Skiltbokstavane HSD fekk meg brått til å minnast laste- og passasjerbåtar, ferjer og bussar som batt regionen vår saman på land og sjø, seier Jakob Vik. Bil og skilt vart fotografert på Vikjo nyleg.
Sidan det alt har gått nokre år sidan HSD segla og køyrde inn i soga, kan det vera greitt å minna om at bokstavane står for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.
På bussane stod det HSD-Bilane. Dei var det så mange av i fylket at ein engelskmann på biltur i Hardanger skal har stått og sett på tre korresponderande rutebilar og sagt: This mister HSD Bilane must be a very rich man»