Ventar høgare omstillingstakt og mangel på ønska kompetanse i arbeidslivet

(Foto: Steinar Hystad)

Tidlegare i dag lanserte NAV sin omverdsanalyse for publikum i eit allmøte. Omverdsanalysen tek føre seg dei viktigaste samfunnsmessige trendane fram mot 2035 og korleis desse vil kunne påverke NAV. Analysen skal bidra til meir treffsikre strategiar og prioriteringar for NAV, men er også relevant for NAV sine samarbeidspartar, avgjerdsmynde og andre aktørar i samfunnet.

-Analysen er viktig for NAV, men me trur den også viser kva som er viktig for samfunnet rundt oss. I år peiker den på seks sentrale trendar, og me lyt sjå nærare på korleis me skal sko oss for endringane som kjem, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Dei seks sentrale trendane i analysen er:

  1. Høgare omstillingstakt og mangel på ønska kompetanse i arbeidsmarknaden
  2. Demografiske skifte og aldring av befolkning
  3. Auka forventningar til samanhengande tenester frå NAV
  4. Meir fleksibel datakraft og ei digital utviklingstakt som krev rett kompetanse
  5. Potensielt auka inntektsskilnadar som treff grupper med svak yrkestilknyting mest, og
  6. Ein arbeids- og velferdspolitikk som er prega av omstilling, inkludering og velferdsstaten si bærekraft.


Inviterer til eit utvida perspektiv på arbeidsmarknaden

Eitt av tiltaka som NAV i region Sunnhordland allereie gjer for å sko seg for framtida er å invitere arbeidsgjevarar og andre relevante samarbeidspartar til å sjå på arbeidsmarknaden i eit utvida perspektiv. Arrangementet finn stad i Stord kulturhus 9. mai klokka 12:30, og frå scena vil ein mellom anna få høyre meir frå Ulf Andersen, statistikksjef i NAV, Ave Kleppe, Verftsdirektør ved Aker Solutions AS Lokasjon Stord Verft, og Helene Frihammer, regionsdirektør i NHO Vestland. Under arrangementet vil også NAV presentere resultat frå årets bedriftsundersøkelse, som vert gitt ut same dag.

-Me står allereie i ein særleg stram arbeidsmarknad. Omverdsanalysen finn at det kjem større omstillingskrav til arbeidslivet, samt at det vil vere auka kompetansekrav i arbeidslivet og mangel på ønska kompetanse. Me meiner difor eit slikt arrangement kan vere eit viktig første steg på vegen. Me ser to ting vil vere viktig i augeblikkeleg framtid – at arbeidsgjevarane er flinke til å halde på sine tilsette, og at me sikrar større inkludering av dei som i dag står utanfor arbeidslivet, seier Håvard Lægreid

Meir informasjon og påmelding til arrangementet finn ein her.