Frå  null  til «gull» – i pris

På veg frå sunnhordlandsk sjøbotn til festmatbord i Bergen. (Foto: Steinar Hystad)

Gode minne frå  spennande gutedagar langs kaiane på Vikjo stakka seg fram i håtten ved passering to kassar med sjøkreps på Notahaugsbryggjo her om dagen. Dei kom frå nære og djupe fjordarmar i regionen og var på veg til  festmatbord  i Bergen, vart det opplyst.

For  mellom 50-og 60 år attende vart delikatessane omtalte som rekekongar.  Nokon regulær fangst etter «kongar» var det ikkje den gongen. Då var dei bifangst, som rekefiskaren gjerne la ein del av «fritt og franko» oppi posten med ein liter nykokte fjordreker, kjøpt inn til kveldspålegg. Så før me fekk retteleg smaken på godbiten, hadde krepsen bortimot null-verdi reint pengemessig. 

– Helt annerledes nå, sa den bergenske oppkjøparen. – Nå går sjøkrepsen unna for den nette sum av 459 kroner per kilo.

– Uansett pris, han er verd kvar krone. Sjøkreps er eit maxprodukt frå havet, var det eingong ein som sa.

Wikipedia veit elles å fortelja at sjøkreps er ein slektning av hummaren og har sesong mellom oktober og april.