Gjekk «Stordløpet» to og ein halv gong

Tre av deltakarane frå HV Ungdommen på veg inn til passering 7 km. (Foto: Håvard Idsøe)

Går du 30 kilometer på fire og ein halv time, i uniform og med 11 kilos sekk på ryggen – då har du klart kravet til det militære marsjmerket.

11 friskusar, mange av dei medlemer  i HV Ungdommen, tok utfordringar   på skogsvegar i Landåsen-Valvatna–Skjephaugen søndag . For å nå opp i dei tre mila, gjekk dei først tur retur  Vabakkjen-Lønningsdalen, og deretter dei 12 kilometrane i  «Stordløpet» to gonger. Imponerande.

Prøven vart organisert av NROF avd. Sunnhordland.