– Ja, du e på rett veg

Mjølkeservering ein stad der ja… (Foto: Steinar Hystad)

Forsiktig bræking og eit søk under mammo sin bakre kroppsdel, så finn det timar gamle  lammet fram til «patten» som byr på næringsrik mjølk.

Mor hjelper til med navigeringa og brækar like forsiktig tilbake: – Ja, du er på rett veg. Slike rørande syn er det mange av på bakkane rundt oss for tida.

– Me reknar med at det det vert sett til verda  mellom 1800 og 2000 lam berre i Stord kommune denne våren.  Det er tal me kan vera godt nøgde med, og interessa for sauehald er aukande, seier Tore Atle Sørheim til stordront.no.  Han er mangeårig leiar  i Stord sau og geit, som per dato har 56 aktive medlemer.  Siste åra er det kome til  fleire store moderne sauefjøs i Stord.

– Med så mange firfota landskapspleiarar blir  både inn- og utmark, og fjellet ikkje minst, halde «nedåt» slik at det blir lite attgroing. Eit særmerke  nokre år no, har vore at  bruk der ein tidlegare dreiv med storfe og mjølk, blir drivne vidare med sauer på bøane .  Det er positivt, poengterer Sørheim.